- Project Runeberg -  Barndomsminne /
96

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og halvt i ein lukkerus gjekk eg heim — no
hadde då ein av oss nådd fram.

Nokre dager etter fekk eg eit lite, venlegt
takkekort frå henne.

Men ho skreiv De.

Seinare vart Ingeborg Sæhli fru dr. Hille og
sat i lang tid som ei stilfull og dugleg husfruve

på den historiske storgarden Aaker ved Hamar.1

*



Ja, me gjekk der uppå Hamar og drøymde
um so mangt. Me song og "spela teater", og me
skreiv vers. Mykje tala me um kva slag
mennes-kje i røyndi ein rett diktar var. Og mi spaning
var stor, då eg ein dag i 1873 fekk brev frå ei
av systerne mine um at venen deira,
eventyrdik-taren P. Chr. Asbjørnsen skulde til Hamar, og
at eg måtte gå upp på Victoria hotel og helse på
han. Kongen skulde koma til Hamar nett då,
og eg hadde skreve ein velkomesong til
majestæten, som eg gjekk og verka med og gjerne
vilde syne til nokon. I ein engelsktime hadde
eg late papire med diktverke gli ned på golve
under borde hjå løytnant Brock. Vona han skulde
finne det, lese versi og møte meg med lovord

1 Gamalt "Skjaldar-Aaker".

I 1046 møttest Magnus den gode og Harald Sigurdsson der og
skifte Noregs rike millom seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free