- Project Runeberg -  Barndomsminne /
97

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

neste gong og segja: Men du er jo dikter,
Hul da!

Det vart eit fælslegt vonbrot. Brock sa berre:
"Du mistet et papir sist; jeg har naturligvis ikke
læst det som står skrevet på det — værsågod."

Skulde eg no våge å gje det til Asbjørnsen?

Han var den fyrste livande diktaren eg såg,
og eg skolv som eit ospelauv, då eg steig innum
døri. Han sat med den breide ryggen imot meg
og skreiv, men snudde seg sovidt. Jaso, var det
meg? Jau, det var då det. Og eg skulde spyrja
frå mama koss det stod til med Martha og Sofie?

Jau då, han skulde helse. "De har det udmerket.
Jeg er så glad i dine søstre; de er så søte—jada."

Han såg ut til å ha det svært annvint. Det
var som han berre halvt sansa at eg stod der.
Jo takk, han skulde nok helse dei.

Eg tenkte slet ikkje lenger på systerne mine.
Dikte brann meg i handi — no eller aldri! Slapp
so det ulukkelege papire på golve att, med det
svimra for meg der eg stod!

"Du mistet noe," sa han og peika. Djupt
von-broten og forvirra, med gråten i halsen fekk eg
samla mitt store kongedikt upp att og sansa meg
lite fyrr eg stod utanfyre døri att, brennande
heit av ei skamkjensle som eg skulde ha stole.

Stort hadde eg drøymt um dette møte. Han
skulde koma heimatt frå Hamar og fortelja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free