- Project Runeberg -  Barndomsminne /
105

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nare førde meg inn i den religiøse krisa etter
konfirmasjonen.

Dikte mitt "Einsemd" i samlingi „Kornmoe"
hev lange røter.

*



Men i ute-leiken millom kammeratar kunde eg
gløyme alle sorger. "Trille i holoa" var ei herleg
moro, og "slå ball" eller "Bro brille" og "Siste
par ut" på torge.

Det var ein heil sport å samle på "trille-kulor".
Grå leirkulor gjekk an, men gildast var dei
mangefarga glas-kulone som likna på drops. Me
laga ei liti rund grop i jordi som me trilla desse
kulone nedi.

Det var hasard — me kunde vinne ein heil
halvskilling, ei kolerakake eller ei glas-kule. Det
gildaste var glaskula. Vann me ein halvskilling,
kaupte me helst glaskulor for han av dei fine
regnboge-farga, som likna på drops.

Ski hadde me ikkje, men herleg var det å gå
på skeisor fyrr snøen kom på Mjøsa. Og so var
det kjelken. Alle torg og alle tvergator ned mot
strandgata var gode og trygge akebakkar, der me
rådde grunnen mest åleine både seint og tidleg.

Men um sumaren var det fyrst og sist
land-turar. Ofte berre til Holset-enga, som no longe
er gløypt av byen. Der henta me ogso blomster-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free