- Project Runeberg -  Barndomsminne /
114

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

berre liggje og svelge små isbitar. Men då ho
besna og kunde ta mat til seg att, fekk me rett
sjå hjartelage i den vesle byen. Det kom
sen-dandes mat frå alle kantar. Gjestebodskost av
finaste slag, so det vart stor utdeling til vener
og grannar. Eg minnest enno ein fiskepudding
med fløytesaus frå den vakre italienske fruva til
rittmeistar Scholdager, ein "hønsekjødpudding"
frå fru Bøgh på Børstad og alle muggone med
herleg byggsupe tillaga med bringebersaft!
Det var himmelkost for meg som sjølvsagt vart
ved brorparten.

Ofte vart eg og i den tidi beden til
bokhand-lar Kiihls. Dei hadde ingen bora og vilde helst
havt meg altid. Dei stappa meg med chokolade
og bollar og var snilde nok. Men likevel vart
det brått slutt med vitjingi mi hjå det danske
ektepare. Eg var ikkje meir til å få innum døri
der, endå dei stod i døri eller sat i vindaugo i
andre høgdi og lokka meg med alt som godt var.
Og det var ikkje berre det at eg hadde fengje
sennepsaus til klyvfisken som gjorde at eg sprang
fort forbi døri deira.

Men, i gløymslebrunnen med det. Kühl vart
vist heller ikkje lenge på Hamar, um eg minnest
rett. Han høvde nok ikkje inn der. Utlendingar
høvde vei idetheile ikkje i den vesle
bondetru-skuldige nybyggjar-byen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free