- Project Runeberg -  Barndomsminne /
123

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stundom tok ogso grisene seg ein tur på
Strandgata. "Idag var det flere griser enn folk
på Strandgaten" sa onkel Stokke ein gong; "det
er rent rørende."

Tilsist vart dette litt for gemytleg for sume
folk i den nye stiftstaden, og "Bladet" (Hamar
Budstikke) la seg frami. I 1852 kom denne
redaksjonsartiklen, som er eit morosamt
tids-bilæte:

"Høstregnet har nu gjort vore Gader
snau-sede at befare, og de bliver da heller ikke bedre
derved, at Svinene daglig vandrer og roder i dem.
Det er merkeligt, hvilket udstrakt Privilegium
disse Dyr synes i den senere Tid at have faaet til
sent og tidlig at spadsere i Gaderne, og
forbausende er det, at Politiet med stoisk
Ligegyldighed kan se paa denne Uskik, uden at gjøre noget
alvorligt Skridt til at standse den."

(Ramset: Hamar by’s historie, 1892, L.
Larsen, Axel Magnussen og H.A.Samuelsens forlag,
Hamar).

Um dette hjelpte noko er uvisst. Alt må ha
si tid. Men byens fyrste blad hadde synt
Argus-auga sitt.

Enno den dag idag er det lite folk å sjå i
ga-tone på Hamar. Den 17de mai 1931 eller 32
gjekk eg byen tilendes utan å sjå noko til "folket".
Ein flokk ungdom stod utanfor den nye baren

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free