- Project Runeberg -  Barndomsminne /
124

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på Victoria — det einaste nye der, trur eg, og
ein flokk russ med innmaten av ein gamal bil
og ein barnetrompet freista å laga litt
Syttande-mai-moro. Gjenom Strandgata drog dei til torge,
og uppi øvste hyrne der stod den vesle flokken
og lydde på ein russ som stod på bil-skelette og
tala. Det var nok ei reint privat moro. Stundom
var det litt lått, og av og til huja dei og bles i
trompeten, drog so til skulegarden på nordre
torg, og alt var stilt og torge tomt.

Det var Syttandemai-festar av eit anna slag
ute på Storhamar i gamle dagar. Med eldhuga
talar og song og musik i Domkyrkje-ruinane.
Folke song og hornmusikken sette liv i leiren.
Dennegongen såg eg ikkje noko som likna
folkefest. — Kom det kanskje seinare?

Ein syttande mai minnest eg, då
hornmusikken måtte gjera heilt um midt på
Storhamar-vegen fordi tropetane snødde fulle. Menhumøre

heldt. Kunde dei ikkje blåse, so kunde dei syngje.

*



— So kom då dagen me skulde flytje frå
Hamar.

Me største elevane på skulen hadde lenge gått
med utferdslengt i brystet. Og no skulde for
meg alle draumar bli til røyndom — eg skulde
koma til Christiania for ålvor!

124

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free