- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
7

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PYEEOED

Nokre år sidan skreiv eit blad til burtimot hundrad menneske
her i landet, og spurde kva for fem bøker dei vilde velja & ha med
seg um dei vart forviste til ei einsam øy for resten av sitt liv.
Millom dei fem bøkene nemnde dei fleste Bibelen. Det var
dik-tarar, skodespelarar, bladfolk, vitskapsmenner, handelsfolk, karar
og kvinner. Dei fleste vilde ha Bibelen med seg. Alle skyna at
Bibelen er ei verdfull bok.

Det er sagt av bok-kunnige folk: Ibsen er ein stor dramatisk
diktar, Shakespeare er endå større; men han som hev skrive
Jobs-boki er større enn dei båe. Og slik er det med mange av
bøkene i Bibelen; dei er meister-verk, som er vel verde å lesa.

Eg skynar godt den svenske diktaren August Strindberg då
han sa til dotter si: gif mig boken 1 Hva for en bok, pappa? Det
är blott en enda bok I svara han.

Ja du veit bibel tyder bok; eit bibliotek er ei boksamling.

Og eg kan godt segja at Bibelen er ei boksamling på 66 bøker,
39 i gamle-testamentet og 27 i nytestamentet. Ho er drjug å
koma igjenom, endå du kan putta henne i lumma.

Vil vi læra å kjenna Bibelen, må vi ikkje lesa på slump, som
mange gjer. Vi må gjera som Stanley då han skulde læra å kjenna
det indre av Afrika: han bygde seg stasjonar, der han stogga
i månadsvis; derifrå drog han ut på granskingsferd dag etter
annan. Det er nokre slike stasjonar i Bibelen eg vil syna deg
i desse preikene. Gud gjeve det må verta levande for deg, so du
kan kjenna deg heime: her er eg barn i Fars husl her høyrer eg
Fars røyst!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free