- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
14

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2.

Esau og Jakob.

(1. Mosebok kapitel 32).

Syng: nr. 531.

Kven likar du best, anten Esau eller Jakob? Esau
var ein villmann, veit du. Det var fælt at han selde
odelen sin berre for å metta magen. Han stend til
skræmsla for alle som vanvyrder barneretten sin.
Kjenner du nokon som hev selt barneretten for meste
inkjevetta? gutar som sel den rikdomen sin berre
for ei stutt moro? Det var rart at Isak og Rebekka
kunde få slik ein son som Esau. Tenk kor bestefar
Abraham hadde syrgt yver den sonesonen! Like vel
tykkjer eg Esau var snildare enn Jakob. Esau var ein
bjørn. Og de veit det heitest at bjørnen er godlidande.
Men Jakob var ein rev, sløg og lur, so han jamt lurde
seg fram i livet. Det var arv frå mors-ætti. De veit
Eebekka hadde ein bror som heitte Laban. Jakob
var ein liten Laban han og.

Jamt og stødt gjekk Jakob og lurde på korleis han
kunde få odelen frå Esau. Og det var ikkje fritt anna
Eebekka heldt med Jakob. Tenk um Jakob hadde
vore ein snild bror! tenk um han hadde sagt til den
svoltne Esau: ja, bror! du skal med gleda få maten
eg hev laga, han er deg vel unnt! Trur du Jakob hadde
tapt på det? Eg er viss um at Jakob hadde vorte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free