- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
19

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10.

Josef.

Syng nr. 535.

Ein gong spurde eg borni på kyrkjegolvet i Odda:
kven var den fyrste speidar-guten? Ja kva hev
speidar-gutane lova? «Å tena Gud og fedralandet, hjelpa dei
som treng, og ly da lovene.» Det gjorde Josef.

Men kvifor laut han lida so mykje vondt? Eg
skal freista svara på det.

Josef var grumguten heime. Det er aldri bra når
far og mor eig slik ein grumgut: dei skal ikkje gjera
skil på borni sine. Grumguten vert lett viktig. Jamvel
Jakob totte Josef hadde for store tankar um seg sjølv
når han drøymde at sol og måne og elleve stjerner la seg å
gruve for han «Kva er det du finn på, gut?» sa Jakob.

Det var ikkje fint av Josef å sladra på brørne sine.
Slik fisletut eller bisetut likar vi ikkje, gjer vi vel?

Det vonde Josef leid, skulde brenna alt ovmod ut
or hugen hans. Og det han fekk røyna av vondskap og
svik, det skulde læra han å vera trufast og god mot
alle. Og det lærde han.

Han gret då handelsmennene drog av stad med han
og selde han til Potifar. Der skulde han vera træl! det
var noko for grumguten det! Men han gjorde ut av
det det beste han vann. Han gjorde meir enn han var
nøydd til. Han var ein trugen træl. Potifar kunde
lita på han: Josef stelte med alt, som um han åtte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free