- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
22

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

eg guten. «Nei for Gud gjer ikkje noko som er gale,»
svara han. «Ja men Gud styrer mennesketankane,»
sa gjenta. Og so vart det eit heilt ordskifte um dette.
Eg greidde ikkje å løysa floken. Det greier visst ingen
av oss. Guten hadde sjølvsagt rett i det, at Gud gjer
ikkje noko som er gale; det galne vi menneske gjer,
lyt vi ta skuldi for sjølve; vi må ikkje kasta skuldi på
Gud. Men på hi sida hadde gjenta ogso rett: Gud
styrer. Um dette hev det vore sagt eit godt ord: Gud
vil ikkje alt som hender; men han vil noko med alt som
hender. Yi kjem visst aldri lenger enn til å segja som
Josef sa til brørne sine: de tenkte vondt, men Gud
tenkte det til det gode.

Sjå berre det gode som Gud fekk ut av heimskrigen!
aldri hadde eg vona å få sjå so mykje frigjering for
dei trælbundne folkeslagi i Europa! Eg hadde kjent
meg sjuk i hugen ved tanke på at Eussland skulde tyna
Finnland, tenk no vart Finnland fritt. Eg kjende
samhug med danskane i Sør-Jylland, eg leid med dei;
tenk no kom dei attende til Danmark. Mang ein gong
hadde eg syrgt yver Polen, som vart sundbytt og
sundrive av dei tri stormaktene; no vart Polen sjølvstendigt.
Sameleis med Bøhmen som i 300 år hadde vore trælka
av Austerrike. Fransmennene i Elsas kom heimatt
til Frankrik . Og ein ting til: Det hadde vore sagt
eit syrgjelegt ord her heime at «lik-klokkene ringjer
yver dei små folkeslagi». Skynar du meiningi? det
vilde segja at vi småfolk åtte ingi framtid; vi vilde
verta gløypte av storfolki! Tenk no såg det ut som
Gud snudde upp ned: stortrolli sprakk, ingen sat
tryg-gare enn dei småe nasjonane. Ja det kan tidt gå upp
og ned. Det kan sjå ut som alt gjeng på tverke. Vi
lyt lida og tola mangt. Men «Guds mylna mel trygt,
um ho mel seint». Kjenner du det ordtaket?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free