- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
26

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

flødde sjøen, og i stormflodi drukna Farao og heile
herens hans. Den lovsongen dei då song, stend i 15.
kapitlet i 2. Mosebok: kvinnene song skiftevis med
karane, og dei dansa til songen, det var som ein heil
folkevisedans.

Men kor lenge varde jubelen? Berre 3 dagar; dei
gjekk yver aude heiar, vart tyrste, og vanta vatn. Då
mukka dei mot Moses: kva skal vi drikka? Moses tok
det fint, dei fekk vatn. Men ikkje lenge etter, so mukka
dei for dei var svoltne: det vøre betre vi hadde døytt
i Egypt då vi sat uppyver kjøtgrytene og åt oss mette!
Hev du høyrt slike ungar! dei skulde havt ris! og det
fekk dei og. Men Moses var mild og tolug. Dei fekk
kjøt til kvelds. Og næste morgon låg det noko fint
kornut burtetter heidi. Ma-na? ropa folket: kva er
det? Og kvar einaste morgon i desse åri sanka dei
manna or marki.

Moses førde folket til Sinai-fj ellet; det var der Moses
hadde møtt Gud i klungerrunnen; no skulde heile Israel
få eit møte med Gud. Og der skipa Gud si pakt med
Israel, ei æveleg pakt som stend ved makt enno i dag.

Gud openberra seg i toreljod og røyk, det galdt
å aga desse ungane. Og dei fekk ein støkk i seg: tala
du med oss! sa dei til Moses, la ikkje Gud tala, for då
døyr vi. Dei fekk alle dei 10 bodordi som vi enno hev
i katekisma, berre noko brigda. Og heile folket sa ja
og amen: alt det Herren hev sagt, skal vi gjera!

Men so veit du kor det gjekk medan Moses var uppe
på fjellet: dei truga Aron til å laga ein gullkalv; kalven
var vel ikkje større eim at ein kunde halda han i loven;
men 2 horn hadde han og ei rova, og minnte noko um
ein kalv! Dermed so dansa dei og ropa: dette er guden
som fylgde deg ut or Egyptarland. Dei var rådlause,
vil du og eg segja; det kunde aldri verta folk av slike

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free