- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
36

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36

å sanka aks på åkrane etter skurdfolket. Og det gjorde
Eut: ho sparde seg ikkje, bøygde ryggen sin, og pitla
eitt aks i senn, heldt på frå tidleg um morgonen til seine
kvelden, kvilde seg ikkje det slag, stend det; trufast
og trottug heldt ho ut heile dagen.

Boas heitte gardmannen; han var ein god mann; han
helsa skurdfolket: Herren vere med dykk! Og
skurdfolket svara: Herren velsigne deg og! De kjenner att
dei ordi frå gudstenesta vår? når presten helsar frå
altaret «Herren vere med dykk!» so syng heile
kyrkje-lyden til svar: og med di ånd!

Boas gådde den ukjende kvinna som gjekk der og
pitla aks. Og då han fekk ve ta kven ho var, sa han:
du skal vera velkomi her på garden! mat og drykk skal
du få saman med skurdfolket mitt! Herren løne deg
for det du hev gjort mot vermor di! Israels Gud skal
gjeva deg fullt vederlag, han som du søkjer og trur på!

Ja so veit du Boas gifte seg med Eut. Ho vart
bestemor til Isai, kong Davids far. Det er difor
Euts-boki hev kome med i Bibelen.

Moabit-kvinna var mor til Davids ætt og dermed
til Davidssonen Jesus.

Gud miskunnar alle menneske, heidningar so vel
som jødar. Eutsboki fortel oss det: Gud gjer ikkje skil
på folk! Ho skal minna oss um å ikkje vanvyrda noko
menneske, kva folk dei so høyrer til.

Og kunde de smågj enter og smågutar vera so snilde
med dei gamle som Eut var med Noomi? I heimen
min heng eit bilete av Eut på veggen; eg vil gjerne
borni skal sjå på henne og læra av henne. Ho gjeng
der med kornaks ho hev pitla. Ja de kan læra my kje
av Eut: de kan læra å vera trottuge i arbeid, passa godt
på småting som brødsmular og matrester, liksom Eut
då ho bøygde seg og plukka upp aks for aks. Her er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free