- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
38

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10.

Samuel.

Syng nr. 594, v. 1 og 2.

Samuel åtte ei god mor. Hanna heitte ho, og ho er
vel verd å verta nemnd. Det heitest at ein stor mann
hev alltid ei god mor. «Du gamle mor, du gav til meg
mi mjuke hjarterot.»

Hanna hadde lova at Samuel skulde vigjast til Guds
tenesta: um denne guten bad eg, og Herren høyrde
bøni mi; difor gjev eg han att til Herren, so han skal
vera ei gåva frå Herren alle sine levedagar. Han var
snaudt 2 år gamal då mor hans førde han til Herrens
hus i Silo. Der voks han upp. Mor hans laga
prestekjole åt han; det måtte vera løglegt å sjå den vesle guten
i kvit messehakel. Han fekk etter kvart arbeid med å
vakta lampane på den sjuarma ljosestaken i
heilag-domen; dei skulde brenna nott og dag; so laut ein pussa
dei og passa dei med ny olje kvar morgon og kveld, so
dei ikkje slokna. Du kan tenkja deg kor varsam
vesle Samuel var i arbeidet sitt; han slurva det ikkje
frå seg!

Både Samuel og øvstepresten Eli låg og sov i kovane
attmed heilagdomen. Ei nott ropa Herren på Samuel;
det var noko nytt og ukjent i dei tidene; «det var dei
myrke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn»; difor tenkte
Samuel det var Eli som ropa. Tri gonger hende det,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free