- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
41

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41

Ein annan ting som Samuel gjorde til å få skikk på
folket, var at han førde inn kongedømet. Det ser ut
til at han var ikkje mykje huga på det frå fyrstundes:
ein konge tek seg makt og trælkar folket! Men so
skyna han det var det beste: det vart aldri folkeskikk
i landet utan. Sist i Domarboki stend det so råkande:
i dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann
gjorde som han hadde hug til.

Folket sjølv vilde ha ein førår i krig; dei såg kor
alle dei hine folki hadde slike drustelege førarar som
skræmde og sette støkk i fiendane: slik ein vil vi og
ha, sa dei. Og Herren sa til Samuel: lyd folkekravet!

Det er tvillaust at kongedømet i Israel var til bate
for folket. Kongen samla folket: fyrr hadde dei tolv
ættgreinene drive kvar sin politikk! no kom dei smått
um senn til å kjenna seg ein nasjon. Kongen kunde
tvinga dei som var ulydige. Med kongedømet kom
Israels stordomstid med David og Salomo.

Men mannen som la den nye grunnvollen for denne
stordomstidi, var Samuel, Israels andre lovgjevar, den
nye Moses, reformatoren som førde folket heimatt til
Gud og heimatt til seg sjølve. Det var Samuel som
lærde Israelsborni å lyda etter profetordi og taka imot
Guds openberringar: det var so mykje Herren hadde
å læra folket sitt. Endå var dei som småborn: laut
ganga i skule, frå klasse til klasse; etter kvart skulde
dei få sjå meir og meir av Guds vilje; dei skulde opna
seg for ljoset frå Guds sol, meir og meir etter kvart dei
maktast ta imot det.

Alt stod berre på det eine: at dei lærde å be Samuels
bøn: tala, Herre! tenaren din høyrer! Amen.

Syng nr. 537 i «Nynorsk salmebok»: Gud, lat oss i
din kunnskap mannast!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free