- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
47

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10.

Salomo.

Syng nr. 580.

Det hende seg ein dag kong David sat i slottet sitt
i Jerusalem med hoff-folki ikring seg. Han tok til å
tala um å byggja eit tempel i staden for tabernaklet,
som berre var eit telt. Du kan lesa um det i 7. kapitlet
i 2. Samuelsboki. Heile kapitlet bør du lesa igjenom.
Hoffprofeten Natan bukka for kongen: Gjer alt det
du finn fyre! Herren er med deg! Men notti etterpå
fekk Natan ei openberring frå Herren: David skulde
ikkje byggja templet; son hans skulde gjera det.
Det er gripande korleis Herren minner David um
livssoga hans: Eg henta deg frå beitet der du gjætte
småfeet, og sette deg til konge yver Israel. Eg vil gjeva
deg eit namn som dei største på jordi. Og so held Herren
fram: «Son din skal byggja hus åt meg. Hans
kongsstol vil eg grunnfesta til æveleg tid. Eg vil vera far
for han, han skal vera son min. Gjer han noko gale,
vil eg refsa han; men mi miskunn skal aldri vika frå
han. Stø skal ætti di standa, traust og trygg skal din
kongsstol standa til æveleg tid.»

Det er klårt at dette ordet peikar på kong Salomo:
han bygde templet; og det galne han gjorde skjepla
ikkje Guds miskunn; kongsstolen fekk standa i fred,
trygg og traust so lenge Salomo levde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free