- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
55

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

55

Til å vekkja folket kom ein turke som varde i yver
tvo år. Det vart naud og sut i landet. Då spurdest det
um folket vilde umvenda seg. Og det såg til sist ut so,
den store dagen på Karmelsfjellet. Du kan finna det
fjellet på kortet, det sting ut som eit stort nes i
Mid-havet. Der stod Elia åleine mot dei mange hundrad
Baals-prestane. Dei skulde kappast um å be til kvar
sin gud. Og den gud som svara med eld, honom skulde
folket tena. Heile Israel var boden å koma til denne
stemna. Og du kan skyna at alle fylgde levande med
i det som hende.

Den tyske tonediktaren Mendelsohn hev laga eit
heilt syngjespel som heiter «Elias». Der høyrer vi kor
alle Baals-prestane ropar: Baal! svara oss! Baal,
svara oss! Høgre og høgre ropar dei. Yillare og villare
dansar dei kring altaret; det vert som fossedur og
løvebrøl til sist. Dei flengjer seg med spjot so blodet flyt! det
skulde få Baal til å tykkja synd i dei. Men Baal svara
ikkje. Heile dagen gjekk med; dei fekk god tid til å
prøva guden sin. Leid ut på aftanen, steig Elia fram,
bygde altar for Herren av tolv Steinar, grov ei veit
kring altaret, hogg sund offer-uksen, fyllte veiti med
vatn, og auste vatn yver veden og offerdyret, so ingen
skulde segja det gjekk varme i veden av seg sjølv.

So stod han der åleine og bad til Herren: svara meg,
Herre! svara meg, so dette folket kan få kjenna at du
Herre er Gud og dei må venda hugen til deg! Då slo
ljonelden ned og åt upp brennofferet og veden og steinane
og moldi, og sleikte upp vatnet i veiti. Heile
folke-mengdi vart rivi med av underet. Dei kasta seg å gruve
og ropa: Herren er Gud! Herren er Gud. Og dei
rudde ut Baals-dyrkjingi med eitt slag. Det var ein
stor dag for profeten Elia. Det såg ut som ei heil
um-vending.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free