- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
57

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57

Elisa tok arbeidet upp etter Elia. Og fleire profetar
kom, Amos og Hosea hev skrive profetbøker, so vi ser
kor det bar mot undergang for Israelsriket. Hundrad
år etter Elia gjekk det til grunns; og vi høyrer ikkje
gjete dei meir.

Her er mykje vondt som herjar folkelivet i Europa i
dag. Det lcan gå gale med heile Europa, det skynar vi.
Det spørst um dei trufaste kristne fær ungdomen med
seg på umvendings-vegen til Gud. Det er difor vi held
barnegudstenester og sundagsskular; det er difor vi
skipar speidarkorps; det er difor vi driv folkehøgskular
og ungdomsskular. Ungdomsfylkingen som lyfter Jesu
Kristi fana til strid mot all avgudsdyrking og som vil
kryna Jesus til konge yver alt menneskeliv, — den
fylkingen er voni for framtidi.

Og i den striden har vi mykje å læra av mannen i
kamelhårskappa. Dei som gjeng fram i Elias ånd og
kraft, dei skal venda fedrahjarto til borni og barnehjarto
til fedrane og vinna Herren eit velskikka folk. Amen.

Syng nr. 617, v. 3 og 4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free