- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
61

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

61

so kom det misjonærar frå England og Frankrike og
førde oss til Herren.

Og so ser Jesaja ei tid då det skal verta ende på
all krig: dei smider plogjarn av s verdi sine! folk skal
ikkje lenger lyfta sverd mot folk!

Jesaja 5. kapitel er ein morgonsong: han syng um
ein vinhage og det er Israel, som Gud hadde planta og
verna og vyrdsla; han venta seg god haust, men det
fekk han ikkje! Det er den djupe profetsorgi i Jesajas
hjarta som syng denne klagesongen. Jesaja ser domen
kjem yver Jerusalem. Visstnok greidde ikkje
assyrar-kongen Sankerib å taka byen. Kong Hiskia bad til
Gud, og han vart bønhøyrd. Men Jesaja ser ei onnor
stormakt ovra seg der aust: Babel. Det vert som ein
veldig storm når domen kjem: den tjukke skogen vert
nedhoggen (10, 34).

«Men ein kvist skal renna or Isaistuven.» Det er
j oleevangeliet som lyser her (11, 1):

«Isai stuv som til frelsa er vald
skyt livs-kvisten fager og mogen.»

Isai veit du var far til David. Heile kongstreet vart
avhogge då Nebukadnesar tok den siste kongen i
Jerusalem med seg i lekkjer. Men ein stuv stod att, og
or den stuven skal Messias renna, segjer Jesaja. Han
venta eit bel å få sjå Messias. Han kallar han Immanuel
(7, 14); det tyder: med oss er Gud. Men det gjekk ikkje
so snøgt.

Jesaja levde lenge, under mange kongar. Under
kong Hiskia hadde han det etter måten godt. Men då
Manasse son hans vart konge, kom umskifte. Manasse
hadde i sine prinsedagar harmast yver den gudlege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free