- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
68

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

matoren. Yi kan nemna Josia den tridje lovgjevaren
i Israel, etter Moses og Samuel.

Men det var dessverre for seint. Frafallet frå Herren
hadde vore altfor inngrott. Etter Josia kom tri søner
og ein soneson på kongsstolen. Dei fær alle det
etter-mælet: dei gjorde det som vondt var i Herrens augo,
plent som f ederne deira. Og so kom domen yver
Jerusalem.

Josia sjølv sette livet til i strid mot egyptarkongen,
på Iisreels-sletta aust for Karmelsfj ellet, ved ein stad
som heiter Megiddo. Heile Juda og Jerusalem syrgde
yver Josia. Profeten Jeremia laga ein syrgjesong som
gjekk frå munn til munn, frå ætt til ætt, i mange hundrad
år. Det vart skikk å syngja slike kvæde i Israel. Ein
seinare profet Sakarja nemner sorgi yver Josia: når
Israel ein gong umvender seg til den krossfeste Messias,
når dei «ser upp til han som dei hev gjenomstunge», då
skal dei syrgja sårt: jammeren skal verta stor i Jerusalem
liksom jammeren på Megiddosletta, segjer han.

Ja den dagen Israel umvender seg — skal Josias
reformasjon bera æveleg frukt. Då skal dei sannast
ordi frå 33. kapitlet i 5. Mosebok:

Ei borg er den eldgamle Gud.

Hit ned når hans evige arm.

Å Israel, kor du er sæl!

Kven er vel som du?

eit folk som hev Herren til frelsar,

din verjande skjold

og ditt veldige sverd!

Og vi syng med dei: Vår Gud han er so fast ei
borg. Han er vår skjold og verja. Amen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free