- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
70

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Profeten Jeremia.

Syng nr. 493, vers 1.

I Bibelen vår stend «Klagesongane» straks etter
Jeremia-boki. Mange hev meint Jeremia hev dikta dei.
I den danske bibelen vi hadde i min barndom var
yverskrifti: «Jeremiæ Begrædelser». Stakkars Jeremia!
han hev fenge «Begrædelserne» knytte til sitt namn!
Folk hev jamvel laga eit ord for klagemål, og kallar
det jeremiade. «Teg no still med jeremiaden din!»
segjer dei.

Ja Jeremia var ein syr g j ande profet.

Han leid mykje vondt. Ein gong vart han sett i
gapestokken ved inngangen til tempeltunet. Slike
gapestokkar hadde vi her i landet i mange år utanfor
kyrkjene, der sette dei fast slike som hadde forsynda
seg; dei fekk ein klave kring halsen, som vart læst med
eit lås, so dei slapp ikkje laus. Kven som vilde kunde
sputta på dei. Soleis laut Jeremia stå ein heil dag og ei
heil nott.

Gong på gong vart han kasta i fangeholet,
sumtid sat han der i lang tid. Ein gong kasta dei han ned
i ein tom brunn; der var ikkje vatn, men blaut gyrma;
og Jeremia sokk ned i gyrma. Brannen var so djup
at dei laut fira han ned med tog; der skulde han svelta
i hel; men ein hirdmann totte synd i han, og fekk draga
han upp or bruxmen; han laut fira ned ein bylt med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free