- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
72

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

I ei veldig tale frammed templet ber Jeremia fram
Herrens tuktande ord. Du kan lesa den tala i 7. kapitlet
i Jeremia-boki: «Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer:
dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens
tempel! de stel og myrdar og fer etter andre gudar! og so
kjem de fram for mi åsyn i templet og segjer: no er mo
berga!» Det var skrikande hyklar-ferd dette: religionen
vart berre ei soveputa!

Kristendomen kan og verta misbrukt til falsk trøyst
midt i eit syndeliv. Det er bra at folk gjeng i kyrkja og
i bedehus! det er bra at dei les i Bibelen og bed! Men
vil dei ikkje umvenda s eg, so munar det inkje. Treng
då alle menneske umvenda seg? treng prestane ogso
umvenda seg? Ja du! alle som er syndarar må venda
um til Gud, elles er dei dømde! Og det er ikkje gjort
med berre ein gong. So lenge vi har synd å dragast med,
so lyt vi gå umvending8vegen dag etter dag.

Du minnest at Luther helgemessaftan 1517 spikra
upp 95 setningar på kyrkjedøri i Wittenberg. Yi reknar
reformasjonen frå den dagen. Veit du kor den fyrste
setningi lydde? Eg skal herma ordi, so du kan læra dei:
«Når vår Herre Kristus segjer umvend dykk! so meiner
han at kristenlivet her på jordi skal vera ei dagleg
um-vending». Du minnest avlåts-kræmaren Tetzel som selde
avlåtsbrev for pengar? dei som hadde kjøpt eit sovore
brev pukka på det for Luther: no er vi berga, sa dei.
Det var dette som sette kveik i Luther: dette var då
falsk trøyst, fusk og fanteskap! Og so kom
reformasjonen. Det er fårlegt for oss kristne å trøysta oss med
at vi er døypte og konfirmera og kan vår barnelærdom,
— eller trøysta oss med at vi er umvende og høyrer
med til Guds folk, — og so leggja oss til å sova utan
å stri mot syndi. Eg vil gjerne prenta eit ord i alle
kristne, og de smågutar og smågjenter må ikkje gløyma

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free