- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
73

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73

det: dersom ein kristen er ferdig med umvendings-vegen,
so er han ferdig med Jesus og. Det er på
umvendings-vegen vi møter Jesus. Den tronge vegen kailast han.
På den breide vegen har vi ikkje bruk for Jesus. Og
det er alltid ein breid veg dei falske profetane fører folk
inn på.

Difor har vi godt av å høyra på Jeremia der han
lyfter røysti mot dei falske profetane: lyd ikkje på dei
som segjer: fred, fred! endå det ingen fred er! eg hev
ikkje sendt dei, segjer Herren, dei talar lygn i mitt
namn!

*



Folket i Jerusalem spotta Jeremia, ein tusseladd
totte dei han var. Og sume tider såg han underleg ut.
Ei heil tid gjekk han med eit ok kring halsen. Det var til
å prenta inn i folket: vil de ikkje høyra på det eg segjer,
skal de sjå det: slik skal Juda koma under Babylons ok.

«Han gjer folket modlaust», lyddest det, «både
her-mennene og folket, med di han preikar slik.» Det var
ikkje langt ifrå at dei nemnde Jeremia ein «folkefiende»,
han som elska folket varmare enn nokon. Ja de veit
Jesus vart og dømd som ein folkefiende. So blinde kan
vetuge menneske vera! Henrik Ibsen hev skrive eit
diktarverk som heiter «Ein folkefiende». Det er ein
dokter som fær den domen yver seg av di han vågar
Begja sanningi. Dei som vil tena Gud og gjera rett og
segja sant, lyt vera budde på sovore. Kva vilde du
velja? vilde du ljuga og svika Gud for å vera til vens
med folk? Gud gjeve du alltid må velja å vera ærleg
og trugen mot sanningi, kva det so skal kosta!

Eitt ugløymande hende er fortalt i 36te kapitlet i
Jeremia-boki. Jeremia hadde fenge bod frå Herren at
han skulde skrive preikene sine på ein bokrull, og so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free