- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
74

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

senda bokrullen til kongen. Kongen sat i vinterhalli,
det var i desember månad, det brann i ei panna med
glør framfyre kongen; dei hadde ikkje skikkelege omnar
den tid. Ein av hovdingane rulla upp bokrullen og las
for kongen. Kvar gong hovdingen hadde lese ein eller
fleire teigar, tok kongen og skar teigane av rullen med
ein pennekniv, og kasta dei på elden i glo-panna! Tenk
at kongen kunde gjera det! jamvel hovdingane kjende
det gjekk kaldt ned etter ryggen på dei. Trudde
verke-leg kongen at han kunde brenna upp Guds ord?

I staden for den boki som brann upp, skreiv Jeremia
ei ny, det er den vi har i Bibelen.

Endå Jeremia var heimlaus og vanvyrd og forfylgd,
so var det då nokre få ungdomar som lydde på han og
fylgde i hans fotefar. Det var som ein profetskule det
og. Vi møter læresveinane hans seinare. Av Jeremia
lærde dei å tola motgang og liding. Dei lærde å skyna
at det er nett gjenom liding vegen gjeng til siger yver
det vonde. Slik som Jesus viste oss ved si liding. Det
var læresveinane hans Jeremia som kom til å bera folket
fram gjenom fangetidi i Babylon.

Du minnest frå bibelsoga at kong Nebukadnesar
frå Babylon kom tvo vender og tok Jerusalem: fyrste
venda i 606. Då sparde han byen, tok den unge kongen
Jekonja med seg i fangeskap, og saman med han ein
flokk ungdomar, millom dei var profetane Hesekiel og
Daniel og den andre Jesaja. Andre venda var i 588,
då kong Sidkia gjorde uppreist, og Nebukadnesar brende
upp Jerusalem og templet, stakk augo ut på Sidkia,
la han i lekkjer, og tok han med seg.

Jeremia hadde åtvart han. Det visste Nebukadnesar,
han baud Jeremia vera med på gode vilkår. Men han
valde å vera heime i sitt ulukkelege fedraland. Det er
moglegt at han då dikta «klagesongane». Men han fekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free