- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
76

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Menneskja kongen på jordi.
Salme 8.

Syng nr. 23, v. 1.

«Når eg ser din himmel, månen og stjernene, — kva
er då eit menneske at du kjem det i hug, eller ein
menneskesøn at du ser til honom! Like vel gjorde du han
lite lægre enn Gud! med herlegdom og æra krynte du
han! du sette han til herre yver dei verk dine hender

gjorde! all ting la du under hans føter.»

*



Eg er so glad i denne salmen. Fyrste dagen eg var
uppe til presteeksamen, fekk eg den å skriva um. Eg
sat og gledde meg: det «gjorde so godt i hjartegrunn og
kveikte som dogg i dalar».

Du ser straks kva tid pd døgret salmen er dikta,
ikkje sant? Det er månen og stjernene han ser på
himmelen, ikkje soli. Det må vera ein kveldssalme då,
skynar du. Eg trur helst det er ein av tempeltenarane
som stend på tempeltunet ein klår måneskinskveld og
skodar upp mot himmelen.

Han kjem til å tenk ja på kor stor Gud må vera!
Tenk alle desse millionar stjerner! Ingen kan telja dei.

Når han den gong vart teken av Guds stordom,
må vel vi i vår tid verta det endå meir. Yi har betre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free