- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
77

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

77

greia på allheimen enn dei hadde den gong. Vi veit
at desse stjernene er store himmelklotar, mange av dei
er større enn jordi. Det er berre av di dei er so endelaust
langt burte, at dei ser ut som små knappenålshovud!
Kor stor trur du jordi tek seg ut for dei som bur der
uppe? Og du og eg? Vi vert heilt upp usynlege, tenkjer
eg, som små usynlege bakteriar eller basillar!

Kor stor Gud må vera! Og kor små vi menneske er!
Det er trulegt at den store Gud aldri kjem i hug slike
småkrypar som deg og meg!

Og like vel — det er det herlege salmediktaren ber
fram: Gud sette oss til herrar yver alt sitt skaparverk.
Alle ting la han under våre føter. Han gjorde oss lite
lægre enn seg sjølv.

Vi kjem her til å tenkja på skapingssoga i 1. kapitlet
i Bibelen. Gud sa: lat oss skapa menneske i vår likning,
so dei vert biletet vårt! dei skal råda yver fiskane i
havet, yver fuglane under himmelen, yver alt liv som
leikar på jordi.

Vi menneske skal vera med Gud og styra verdi og
halda livet uppe på jordi. So høg vyrdnad hev Gud
gjeve oss.

Det er kongeleg vyrdnad yver alt ærlegt
menneske-arbeid. Det er guddomeleg vyrdnad å vera Guds
med-arbeidarar.

Ikkje minst med bondearbeidet. Bøndene er med og
skaper mat til millionar svoltne munnar. Dei er med
i Guds skaparverk um våren,

«då atter som eit under
nytt liv av daude gror».

Det er som eit guddomlegt eventyr dette, at vi
sender millionar bakteriar ut yver markene til å løysa
upp og skapa liv: millionar usynlege Guds englar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free