- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
79

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79

Berre at vi nyttår alt til hans æra! Berre vi gjev
Gud æra for alt!

Eg minnest ei gamal kona, ho var yver 90 år då
dei la inn elektrisk ljos i huset hennar. Ho gjekk ut
og vilde skoda på stolpane og leidningane. «Nei at
dei kan få ljos av vatn, det hadde eg aldri trutt! men
eg segjer no det, at det er Guds krap, dette og».

Ja visst t r det so. Vi lyt segja som i denne salmen
fyrste verset og siste verset: Herre, vår Herre! kor her-

legt ditt namn er yver all jordi!

*



Men ein ting lyt vi koma i hug. I 2. kapitlet av
Hebrearbrevet er ordi frå 8. salmen nemnde: alle
ting la du under hans føter! men, segjer han, og det
er eit syrgjelegt men: enno ser vi ikkje at alle ting er
han underlagde!

Kva tenkjer han på, trur du?

Kanhenda han tenkjer på naturkrefter som
men-neskja enno ikkje rår med? Slik som vind og ver!
dei har vi enno ikkje lært å styra. Og mange meiner
at menneske kjem aldri til å rå med ver og vind.

Eller kanhenda han tenkjer på sjukdomar og ulukker
som kjem yver oss, vi stend mang ein gong rådlause
mot sovore.

Og «dauden gjenom verdi gjeng,
han vil rydja liv or lande.
Mannsens barn som blom i eng
bleiknar for hans kalde ande.
Under denne myrke makt
er alt liv på jordi lagt.»

Ja døy lyt vi alle: der stend vi maktlause.

Endå verre er det med alt det vonde i oss menneske.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free