- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
80

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

Tenk på ein full mann! han ser ikkje ut som ein konge
han! han kan ikkje styra seg sjølv! Eller ein sinnatagg
som ikkje kan styra tunga si, kanhenda ikkje ein gong
armen sin! Stakkars kongen på jordi som ikkje kan
styra seg sjølv! Vi har mist kongekruna vår, vi syndarar
på jordi.

Men so kjemiHebrearbrevetmed eit jublande «men»:
Jesus hev vunne att den kongekruna vi hadde mist.
Han vann yver dauden: ljoset og livet foT alle mann
strålande upp med vår Frelsar rann. Han hev fenge
all makt i himmel og på jord. Og han vil gjera ende
på alt det vonde.

Å um han kunde få styra og råda yver oss! Då
skulde det verta til velsigning for oss menneske, all
den makt Gud hev lagt i våre hender.

Brorson hev ein salme, nr. 352 i «Nynorsk salmebok».
Syng heile den salmen, helst på folketonen. Han gjeng
igjenom all Guds skapning: min Gud, din visdom er
so stor, at mannemål må tegja!

Vi stend liksom den gamle tempelskalden og skodar
upp mot stjernehimmelen: kor stor Gud er! og kor liten
eg er! og likevel hev Oud lyft meg upp til seg: Guds
barn, Guds tenar, Guds medarbeidar skal eg få vera.

I Jesu namn skal lovsong tona: Halleluja! vår
Gud er stor! og himmelen svarar Amen.

Syng nr. 23, vers 5.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free