- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
82

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82

lagt for oss menneske, «ja denne grunn stend evig fast,
um både jord og himmel brast.»

Men det var Jesus eg tenkte på då eg nemnde ein
gut som gledde seg so umåteleg. Kvar påskehelg var
Josef og Maria upp til Jerusalem. Når dei kom heim,
fortalde dei um gudstenesta i Herrens tempel, um
songen og musikken, um øvstepresten som lyste
velsigning yver lyden, um ofringane i fyregarden, og um
den store folkestemna. «Kan ikkje eg få vera med?»
spurde Jesus. «Jau når du vert 12 år, skal du vera med!»
Han gledde seg, og talde åri. Då han var 10 år, tenkte
han: no er det berre 2 år til; då han var 11 år, sa han
med seg sjølv: næste år fær eg vera med. Elias Blix
hev dikta ein salme um han då han var 12 år. «Kom
sjå eit barn på kyrkjeveg som upp til Sion stundar.
Sjå Jesus med foreldri dreg og til Guds hus seg skundar.
So hjarteglad han fylgjer deim, som barnet når det
lengtar heim og trår til faderhuset.» Eg tykkjer eg
ser Jesus gjeng i fyrevegen; dei andre gjekk so seint!

Det tok mange dagar frå Nasaret til Jerusalem, sers
då dei laut kroka utum Samaria. Mæler du på kortet,
fær du vel um lag 150 km veg. Skal vi seg ja at dei
greidde 30 km for dagen, so tok det fem dagar. Men dei var
mange i ferdafylgjet. Det var nok fleire andre tolv-års
gutar. Og det kom nye flokkar i fylgjet etter kvart.

Og so song dei. I Davids-salmane har vi 15 salmar
med yverskrift: ein song på høgtidsferdene; det er frå
salme 120 til og med salme 134. Vi veit at når dei
kom upp på Oljeberget og såg tvers yver Kedron-dalen
Jerusalem og templet glima i soli, då song dei jamt
den 121de salmen: eg lyfter augo upp til fjelli.

Alle truande jødar var glade i templet. Salme 84,
som vi har til tekst i dag, er dikta av ein levitt som
hadde vore med i tempeltenesta. «Ein dag i dine fyre-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free