- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
85

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

85

Der stend døypefonten, der stend altarbordet, der kling
kyrkjeklokkene: kom heim til Gud. «Alt fekk si vigsla
i kyrkjefamn»! Det er ikkje råd å greia seg for folket
vårt utan kyrkjetenesta. Mange trøystar seg med
radio; og for dei som ikkje kan koma til kyr kje, er
guds-tenestene i radio umissande. Men kyrkja er noko sers:
der finn vi samfund med kvarandre og; alle dei mange
heimane møtest der i ein større heim som femner um
heile follcet. Vi treng å få nørt den samkjensla, ikkje
sant! vi må læra sjå på kvarandre som ein stor stor
syskinflokk. Då kjem vi nærare Gud og. Gud er
ikkje Far for nokre få; han er Far for alle. Jesus kjem
med bod til alle dei burtkomne borni: kom heim til
Far! Ingen stad vert dette so levande for oss som

under den romsame kyrkje-kvelven.

*



Lat kyrkjehuset vera heilagt for oss! Eg såg
upp-slag på kyrkjedørene i utlandet: her er Guds hus, her
må du vera still, her må du beda. Det var for turistane
skuld uppslagi stod der. Det er fælt kor liten vyrdnad
mange syner kyrkjehuset, snakkar høgt, lær, og er
urolege, i staden for å vera still i andakt og bøn. Når
kyrkjeklokka ringjer saman, må alle vera samla, so
gudstenesta kan taka til med still bøn.

Hev de sundagsskule i kyrkja, so akta på at de
ikkje er uvyrdne. Stilt skal det vera i Guds hus. Eg
såg det i Tyskland, i Frankrike, i Italia: anten det var
born eller vaksne, med same dei kom inn i kyrkja, so
bøygde dei seg og bad til Gud, anten det var kvardag
eller helgedag.

Yver kyrkjehusi må lysa dei ordi som stend i 84.
salmen: Kor elskelege dine bustader er, Herre.
Kyrkje-ne våre er vigde til høgtid for vår Gud. Amen.

Syng nr. 629 av vår kjære biskop Støylen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free