- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
89

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

89

denne arbeidaren. Den andre var ein træl som træla
berre for skillingen.

Nekta skal vi ikkje at mange hev det altfor tungt,
so arbeidet gjev helseknekk; serleg hender det tidt i
vår tid at folk vert nervesvekte; det hender med ei
husmor, det hender med ein arbeidsmann. Og når
arbeidskraft! minkar, då vert ikkje arbeidet ei gleda som det
skulde vera. Yi lyt sjå å bøta på det so godt vi kan.
I fleire bygder hev soknesysterne løyst av slitne
hus-møder so dei kan få ferie.

Men so segjer eg til smågutane og smågjentene: de
må hjelpa mor og letta for henne! Og far også: når
han kjem trøytt heim, so veit eg det hev hendt at
veslegjenta eller vesleguten drog av han dei våte
styv-lane, gav han sokke-byte og varme tøflar på føtene!
då var det som far kvikna til, trøyttleiken var burte:

kor koselegt det er å koma heim!

*



Men etter alle onnene um sumaren smakar det godt
um hausten å halda takkefest.

Kva tid trur du maten smakar best når vi takkar
Gud for han? eller når vi takkar berre oss sjølve? Han
smakar best når vi takkar Gud; det hev eg røynt når
eg set meg til bords: eg kjenner kor uforskyldt det er at
eg fær mat! det er nåde alt i hop, av Guds kjærleik!
det er Gud som dukar bord åt meg kvar dag. Då smakar
maten mykje betre enn um eg tenkjer på at eg sjølv
hev slite og sjølv fortent han, ja igrunnen burde eg
havt betre mat til løn for det strevet eg hev havt! Hu,
då kan du tru du fær ikkje mykje godt av maten. Eg
er viss um at ein dokter vil segja det same: magen meltar
maten betre når vi er i godlag, segjer dokteren.

Fyrste kokeboki vi fekk her i landet, er skrivi av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free