- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
93

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93

krossfest den andre dagen. Og krossferdene! det kom
ingen ting ut av dei når vi ser på endemålet; det var
eit stort mistak og slett ikkje i Kristi ånd at dei skulde
drepa dei vantruande.

Sameleis gjeng det tidt med mange religiøse
vek-kjingar: dei ser so lovande ut; det ser ut som alle vil
med til Gud, men so altfor mange feil ifrå; og dei som
var uppe i den glødande vekkjingi, er kanhenda no
lenger burte frå Gud enn fyrr.

Korleis heng dette i hop ? Salme 110 segjer: ditt folk
møter viljugt fram. Viljugt må det vera. Ingen tvang!

Det er syrgjelegt å tenkja på den måten Olav
Harald-son og Olav Tryggveson nytta til å kristna Noreg; det
gjekk med harde råder: anten dåp eller dråp! For det
meste gav folk seg og tok imot dåpen. Men du veit det
var ikkje godviljugt. Og då hadde det ikkje djupe røter.
Vi skal or salta des&e tvo kongane: det var skikk den
tid å bruka makt til å kristna folk. Karl den store
gjorde det same; og han var eit mynster for kristne
kongar. Kyrkjefar Augustin hadde synt vegen, ut
ifrå ordi i Jesu likning: nøyd dei til å koma inn! Jesus
meinte ikkje med makt; han meinte dei skulde
naud-beda, slik som ei husmor nøyder gjestene sine til å eta.
Men tidi var slik.

Eg er redd at mange hev fenge motvilje mot
kristendomen for tvangen skuld. Det var med tvang
reformasjonen vart innførd. Og tvangen som kong Kristian
den sette la på folket er enno i friskt minne: dei som
ikkje kom til kyrkje på messedagane, dei som ikkje
gjekk til altars minst tvo vender for året, dei kom i
gapestokken og laut bøta. Det sit enno agg i folket vårt
mot kyrkjetvangen i dei tidene.

Eg kjenner born av kristne foreldre som beint fram
hev sagt då dei vart vaksne: no vil eg slå meg laus!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free