- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
95

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

95

lida tap pd alt. Slik var det med apostlane: lat oss gå
med han, so vi kan døy med han! dei vilde heller døy
med Jesus enn leva utan Jesus. Og martyrane! dei
vart truga og lokka: vil de fornekta Kristus, skal de
sleppa fri; men elles skal de verta pinte på verste vis!
dei svara: kom med pinslene! vi kan ikkje fornekta
Kristus! Dei vilde heller ha det vondt med Kristus enn
å ha det godt utan Kristus. Ja det er kristendom!

Det hende at kongar gav trælane sine fri. Eg hev
høyrt um ein som sa til trælen sin: du er fri! du kan
gå kva veg du vil! Trælen svara: er eg fri? kan eg gå
kvar eg vil ? ja då vil eg tena deg alle mine dagar. Det
var fri vilje. Og slik er det med oss som vil fylgja den
himmelske kongen. Ean hev kjøpt oss fri frå trældom
under synd og redsla og alle vonde makter. Han kjøpte
oss fri med sitt eige blod. Og difor segjer vi: hev du
gjeve ditt liv for meg, so er det ikkje for mykje um eg
gjev deg heile mitt liv! vil du ha slik ein liten kryp som
meg, so er eg visst ikkje for god! tak meg heilt, heile
min ungdom, alle mine evner, all min styrke, og all
min veikskap! lat meg berre få tena deg frå ungdom
og til alder grå! Det er viljugt, ikkje sant?

Eg skal fortelja deg um ein flokk ungdomar som
gav seg heilt i Herrens tenesta; det var for yver 40
år sidan. Det tok til med sju studentar ved
Cambridge-høgskulen i England; dei vilde ut på misjonsmarki med
evangeliet um Guds frelsa. Idrottsmenner var dei
alle sju, spræke karar, kunnskapsrike, dugande. Dei
var gripne av Kristus og gav seg heilt til han. Dei fekk
fleir med seg. Frå høgskule til høgskule breidde seg
denne ungdomsrørsla. «Friviljuge» nemnde dei seg
(volunteers på engelsk). Generalsekretæren i denne
rørsla er den namngjetne John Mott. Her i Noreg
fengde elden hjå mange unge. Dei melde seg til misjons-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free