- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
100

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

Ingen annan enn Jesus hev uppfyllt ordi i Jesaja 53;
dei høver ikkje på andre.

Det er underlegt kor djupt den andre Jesaja hev
lodda i livsens løyndomar. Han hev fenge nytt ljos
yver lidingi. Eg trur han er elev av Jeremia. I hans
skule hev han lært at lidingi ber dei rikaste frukter.
Hjå Jeremia hev han fenge biletet av lammet som
tegjer på veg til slakting. Hjå Jeremia hev han lært
å grunda yver denne gåta: kvifor skal Guds folk lida
so mykje? Og han svarar: det er syndi vår som er orsak
til lidingi; men Gud vil gjenom lidingi reinsa oss; og soleis
vert lidingi vegen til siger.

«Martyrblodet er eit sæde for kyrkja,» sa dei gamle.

Slik veit du det gjekk i Noregs-soga: etter
martyrblodet på Stiklestad fekk kristendomen inngang. Det
måtte vera rart for Magnus Olavson, då han kom heim
frå Gardarike fem år etter, å sjå umsnunaden: eit
heilt folk i anger for di dei hadde drepe Heilag Olav.

Biskop Brorson syng: den trengsla me må lida, kor
tung ho kjennast kan, når me for Gud vil strida, er
oss eit ærestand. Mange bisna på at han som hadde
fenge bispeembete, kunde kjenna so mykje av trengsler.
Å jau han hadde tungt å bera Brorson. Men han lærde
av eigi røynsla det han syng i j olesalmen sin: når hjertet
sidder mest beklemt, da vorder frydens harpe stemt,
at den kan bedre lyde; så korset selv, når Jesus vil,
må også hjelpe sjelen til med salmer at udbryde.

Les Trøyste-boki, den andre Jesaja, so skynar du
kor lidingi hev lært han å tru! og lært han å takka.
Vi lyt be at all motgang må bera oss nærare Gud; som
Blix hev sunge: (nr. 324, v. 5). Um eg her vert trengd og
tyngd, so styrk meg, milde Fader! gjev hjarta kraft og
evig tyngd, so trengsla ei meg skader! Amen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free