- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
102

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

levende, med mannaskapnad; andleti liktest på
menneske, på løver, på uksar, og på ørnar! Det er desse
andleti som gjeng att i den kristne kyrkja, hev vorte
bilete på evangelistane. På altaret i Ullensvangs-kyrkja
ser vi Gudslammet i midten, og dei fire levende tvo
på kvar sida: Mattæus-evangeliet hev menneskeandlet,
det er Menneskjesonen som er teikna der!
Markusevangeliet hev løveandlet: «løva av Juda» er bilete
på Frelsaren som vinn yver all djevelens her!
Lukas-evangeliet hev ukseandlet: offerdyret som minner um
Jesu soning! Johannes-evangeliet hev ørneandlet:
åndi flyg yver alle vidder frå æva til æva.

Vi kjenner dei fire frå Johannes Openberring. I
det heile kan du få mykje ljos yver bileti i Johannes
Openberring når du les profetsynene hans Hesekiel.

Yver desse 4 levende såg Hesekiel ein kvelv av
krystall med ein kongsstol av safirstein. På
kongsstolen sat ein som liktest på eit menneske; det gjekk
eld ut frå han, ein ljosgard tedde ikring han; det
minnte um regnbogen med dei ymse skinande letene.
Soleis var Herrens herlegdom å sjå til.

Hesekiel fall ned og løynde andletet sitt. Då høyrde
han ei røyst som tala: «Menneskjeson! segjer ho, statt
upp på føtene dine, so eg kan få tala med deg!» Og
so kjem Herrens ord til Hesekiel: «Menneskeson! eg
sender deg til Israelsborni, til borni med dei harde
andlet og stive hjarto. Til vaktar set eg deg! til den
ugudlege skal du tala; gjer du ikkje det, då vil eg
krevja han av di hand. So sant eg lever, segjer Herren,
eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men
i det at den ugudlege vender um og lever!» Det er
desse ordi som kjem att i den vene Landstad-salmen:
Gud er nådig, han vil ikke nogen synders dom og
død (nr. 816).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free