- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
104

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104

preikebok frå millomalderen; det er reint ei
sjeld-ßyn.

Martin Luther sa: vi tarv ikkje rydja ut altari, vi
tarv ikkje kasta ut bileti, vi kan godt halda på mange
gamle ceremoniar. Frå Israel har vi i vår kyrkja fenge
messe-klædi, frå millomalders-kyrkja messa og
musikken. Altaret har vi sams med meste alle religionar;
men vi har fenge ei ny ånd i gudstenesta vår.

Det er so fatigslegt å koma inn i Calvins-kyrkjene,
både i dei presbyterianske skotske og dei reformerte
franske og hollandske. Det er berre som i eit
bedehus.

Eg minnest eg kom i ei gamal kyrkja i Delft i Holland,
prinsebyen der Oranjeprinsane er gravlagde. Ved
reformasjonen hadde dei ribba kyrkja, og jamvel kalka yver
dei solgylte veggene. No til eit jubileum hadde folket
gjeve dronningi den gåva at den gamle kyrkja skulde
vølast i gamal stil; dei hadde fenge vekk den kalde
kvite kalken, den varme gylne leten var komen fram;
det var som solskin yver heile kyrkja. Men eg spurde
kyrkjetenaren: hev de ikkje altar? nei, det fekk dei
ikkje ha i dei calvinske kyrkjene. Kva gjer de når de
skal ha den heilage nattverd? spurde eg. Då flyttar
vi inn eit langt bord og set i midgangen, sa han.

Æra vere Martin Luther som vilde ha ei heil
gudstenesta i kyrkja.

Hesekiel fekk grunnlagt den jødiske kyrkjelyden
slik som han er i alle land enno idag. Ein åndeleg
hovding var han som peika ut for jødane dei faste
skikkane dei laut halda fast på: umskjering, reinsingsskikkar,
fasta; det er desse skikkane som hev hjelpt jødane til
å halda seg uppe og ikkje drukna i folkehavet. Skynar
du at det hev noko å segja? Vi skal og halda på alle
gode skikkar, med kyrkjegang og tekstlesing og hus-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free