- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
105

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

105

andakt, bordbøn, morgonbøn, kveldbøn, — alt minner

det oss og hjelper oss til å håtta på at vi er Guds folk.

*



Mange herlege framtidssyner les vi i dei siste 16
kapitel i Hesekiels profetbok.

I 37de kapitlet ser han i ei syn kor det vart liv
av daude: han såg ein dal full av bein; dei livna, fekk
senar, kjøt, hud og ånd. «Menneskeson!» sa Herren,
«dette et Israelslyden; eg vil senda min ande, so dei
skal livna!» Å f or ei herleg syn! Gud la oss røyna same
underet med vårt norske folk!

I 47de kapitlet ser Hesekiel livsens vatn vella fram
frå heilagdomen: ei heil å som skapte liv der ho kom,
jamvel i Daudehavet: helsebot og liv og vokster og
frukt alle stader. «Men myrane der livsens vatn ikkje
kjem inn, dei vert standande og rotnar.»

Eg kjem i hug kva Hognestad sa på ei
ungdomsstemna i Telemark: sume kristne vil nekta oss å få
livsens vatn inn i ungdomslivet, i leiken og moroi, i
fedralandskjærleiken og samfundsinteressene. Det er
hjartelau8t å nekta oss det. I vårt ungdomsarbeid er
det nett det vi vil: f øra livsens-åi inn i alt menneskeliv!
då skal det verta friskt og reint og bera god frukt.

Ja gjeve Gud at denne åi frå heilagdomen må
renna inn i ungdomslagi, i verkstadene og fabrikkane og
handelsbudene, på kontori, i skulane, i heimane, og på
leikvollane! Eit heilrent folkeliv i pakt med Gud! Amen.

Syng nr. 29, v. 4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free