- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
109

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

109

Ein god reform som Esra og Nehemia fekk inaført
skal du høyra no: ein pantelånar skulde gjeva attende
alle pant til ei viss tid. Skynar du kva det vil segja?
Dei fatige laut tidt setja åkrar og vinhagar og hus i
pant for å få kjøpt seg mat i dyrtider. Og dei laut
låna pengar til å greia skattane til persarkongen, mot
pant i eigedomane sine. Når dei so ikkje greidde å løysa
inn lånet, so tok pantelånaren heile eigedomen; jadet
hende han tok dei fatige sønene og døtterne til trælår.

Nehemia sa eit ålvorsord til storfolket: dette er
beint fram oker! her kjøper vi jødar fri frå trældom
under heidningar! og so gjeng de burt og sel dykkar
eigne landsmenner! Han fekk gjort det til ei æresak å
strjuka gjeld og gjera sælebot mot fatigfolk; sjølv gjekk
han i brodden. Og fyredømet smitta: dei käppast um
å gjeva attende åkrar, vinhagar og hus som var pantsette.

Det vart lov at kvart 50de år skulde nemnast jubelår:
då skulde eigedomar koma attende til eigarane; og
det visste alle, so pantelånarane vart ikkje narra. Det
var ikkje sjølve jordeigedomen som gjekk frå hand til
hand som ei onnor vara; det var berre bruksretten dei
leigde for ei viss tid, til næste jubelår. Um lag som med
prestegardane her i landet: presten fær bruka dei so
lenge han er i preste-tenesta; han hev berre bruksretten,
eig ikkje prestegarden.

Men vi skynar det var ein stor ting i Jødeland dette,
at rikfolk ikkje kunde driva fatigfolk i trældom.

Jødar tok aldri renter av sine eigne. Derimot veit
vi vel kor jødane hev lånt ut pengar til kristne, mot
himmelropande høge renter. I «Kjøpmannen frå
Venedig» hev William Shakespeare skildra ein slik jøde,
Shyllok heiter han, ein fæl flåar.

Elles skal vi ikkje kasta stein på jødane. Vi har ikkje
vore likare vi kristne. Henrik Wergeland tok striden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free