- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
110

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110

upp mot dei som flådde fatigfolk her i landet. Og han
fekk bera byrdi med; Wergeland vart sjølv flådd av
lovkunnige folk.

I dansketidi laut norske bønder tidt pantsetja gardane
sine for å greia skattane til danskekongen. So vart
gardane tidt seide ved auksjon. Og mange slo til seg
ei mengd gardar for ein billeg peng. Eg veit ein prest
i Nordfjord for 150 år sidan som hadde slege tinder seg
99 gardar!

*



Nehemia var i det heile ein rett-tenkjande mann, fri
for havesykja. Han tok ikkje den inntekti jarlen i
Judea hadde rett til. Han heldt sjølv kosten for dei
mange tenarar og arbeidskarar; han vilde spara folket
for utlogene.

*



Eg tok til i dag med å nemna gravferdi etter Georg
Stang, «den ljosaste av våre menn» nemner Hovden
han; «hans hug var eld», segjer han. Ei brennande
varm tru åtte han, tru på Noregs rett og Noregs evna
til å stå på sjølveigne føter. Den trui fengde yver heile
landet og skapte det vågemod som bar landet fram til
7. juni 1905. «Men framum alt eit hjartelag som gull —
i all si ferd: ein mann av dåd og ei av ord! han fåmælt
gjenom livet for, og tala ved si gjerd». Eg vil binda ein
lauvbærkrans kring minnet hans: ein kristen riddar som
gløymde seg sjølv og ofra alt for fedralandet. Ein
Nehemia, endå heilare og reinare enn jarlen i Judea.
For slike nordmenn takkar vi Gud.

Og de smågutar og smågjenter! fylg i fotefari til
slike riddarar som lærer oss å verja vårt land og byggja
vårt land, og elska det fram i vår bøn! Amen.

Syng: I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free