- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
111

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Profeten Jona.

Syng nr. 134, v. 1.

Kven hev skrive Jona-boki tru? Det er visst ikkje
han sjølv. Jona var ein underleg profet! ulydig,
trong-hjarta, fåvis, og einvis! Vil du høyra forteljingi um
han? Det er ei lærerik forteljing, sameleis som når
Jesus fortel sine parablar. Det er ikkje beint fram
historisk. Det er ei profetskrift som vil læra oss å sjå
med kjærlege augo på heidningfolki.

Gud sa til Jona han skulde fara til Nineve og preika
umvending. Det var langt aust. Men tenk! so rømde han
langt mot vest, tok um bord i eit skip som skulde til
Spania. At han var ulydig, det er upplagt. Men at
han trudde han kunde røma frå Gud, det var vetlaust.
Han skulde då visst so mykje at det er ikkje råd å
røma frå Gud han som er alle stader?

Det stend i 139. salmen: kvar helst skal eg fly frå
ditt andlet ? för eg upp i himmelen, so er du der! reidde
eg seng i helheimen, sjå der er du og! tok eg vengene
til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet, —
di hand vilde leida meg ogso der, di høgre hand vilde
halda meg fast! sa eg «myrker løyne meg», so vilde
ikkje myrkret gjera det myrkt for deg: natti vilde vera
ljos som dagen!

Skynar du det? Hev du noko sinn tenkt at Gud
ikkje ser deg? Det er ikkje råd å løyna seg burt for Gud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free