- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
112

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112

Det kom storm på skipet, so skipsfolki vart redde.
Dei var heidningar; men dei var mykje gudlegare enn
Jona: dei ropa kvar til sin gud. Og dei vekte Jona at
han skulde ropa til sin Gud. Men det gjorde han ikkje.
Dei kasta lut um kven som var skuld i stormen, og
luten fall på Jona. Dei freista koma til lands med
han. Dei bad til Herren Israels Gud for seg sjølve og
for Jona. «Tak meg og kasta meg i havet! so skal det
stilna!» sa Jona. På resten laut dei gjera det. Og straks
heldt havet upp å rasa. Det stend at skipsfolki fekk
stor age for Istaels Gud: dei ofra til Herren og gjorde
Herren lovnader.

Men Jona? Ja han drukna ikkje: det forteist det
kom eit stort beist og gløypte han levande. Sume
hev gissa på ein kval; kvalen er stor nok; men han hev
so trongt eit svelg at han snaudt kan sluka ei sild.
Var det nokon fisk, laut det vera ein hai. Elles var
det mange fæle beist i havet i eldre tider, som vi lite
kjenner til.

Jona var i buken åt beistet i 3 døger, og so kasta
det Jona upp på land. Det er dette biletet Jesus nyttår
um si uppstoda: liksom Jona var tri dagar i fiskebuken,
soleis skal Menneskesonen vera 3 dagar under jordi.
Han nemner det «Jona-teiknet». Berre det er nok for
oss til å gøyma på denne forteljingi.

Herrens ord kom so til Jona andre venda: vil du
no fara til Nineve og tala mine ord? Ja no laut han;
men han var ikkje mykje viljug. Han gjekk inn i
millionbyen og ropa: um 40 dagar skal Nineve leggjast i
grus! Det utrulege hende at folket i Nineve vende um
til Gud, bad og fasta, og klædde seg i sekk til teikn på
sorg. Jamvel kongen la kongskåpa av seg, sveipte seg
i sekk og sette seg i oska; han gav bod at folket skulde
halda store botsdagar, ropa til Gud av all makt, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free