- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
114

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114

høgre og vinstre. 80 mange småborn var det i Mneve!
og dei småane var då uskyldige i alt det vonde folket
hadde synda; profeten kunde ikkje ynskja straff yver
dei!

Og mange dyr! segjer Herren. Det er so vent eit
ord dette: Gud hev hjartelag for dy ri! dei var då
uskyldige, og kunde ikkje fortena straff!

Dyri gjer mang ein gong skam på menneske.
Pro-fetbøkene i Bibelen peikar på det. Jesaja segjer: ein
ukse kjenner eigaren sin, og eit asen kjenner krubba
si; men Guds folk Israel kjenner ikkje Gud. Visst stend
menneskja høgt yver dyri. Men difor kan menneskja
falla so mykje djupare. Menneskja kan det som ikkje
noko dyr kan: trassa Guds vilje. Aldri gjer dyri so
mykje vondt som det menneskja finn på. Aldri syndar
dyri slik mot dei lovene som gjeld for alt liv. Dyri er
lydige mot Gud dei; difor hev Gud hjarteleg umsut
for dei. Jødefolket skyna det: menneske og dyr frelser
du Herre, segjer 36de salmen.

Ver snild med dyri! det høyrer med til kristendom.
Ja det høyrde med til jødedomen og. Mange ord i
Mose-lovi peikar på det: du skal ikkje set ja muleband
på uksen når han treskjer! Uksen skal ha lov til å
nappa eit kornstrå og tyggja på det medan han treskjer;
det er tungt arbeid for uksen, han er vel verd å få ein
smakebit! Paulus segjer i 1. korintarbrev (9, 9): er
det uksane Gud hev umsut for? Vi svarar: ja det er det!

Minnest du Henrik Wergeland kor glad han var i
dyri? Han sette ein plakat upp i ein bakke: kast av
under bakken! Ein gong han såg ein køyrar piska på
øyken sin, sprang han ned og kasta av lasset sjølv, og
skjelte ut køyraren; køyraren truga med å piska
Wergeland i staden. Wergeland hev skrive ei tala til
«menneskeligheden i menneskeheden» av Vesle-Brunen: det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free