- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
117

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

117

resultat: at dei 4 vart magre og skrinnleitte, og då
vilde kongen draga han til ansvar. «Gjer ein freistnad
med oss i 10 dagar,» sa Daniel, «so skal du få sjå».
Og etter dei i 10 dagar hadde levt på vegetarkost,
røyndest det at dei 4 jødegutane var fagrare og betre
i hold enn dei andre sveinane som hadde ete av
kongs-maten. Ja det var ein siger for Daniel. Og stallaren
let dei 4 gutane få same enkle kosten alle dei 3 åri.
Du veit han burde teke lærdom av denne røynsla, so
alle dei andre gutane skulde fenge vegetarkost dei og.
Men det spørst um dei vilde! dei hadde visst altfor god
hug på feite saker, svinesteik og gåselever og kaviar
og søt vin! So dei laut få den kosten kongen hadde
etla dei.

Det var ikkje einaste utsjånaden som hadde bate
av den enkle kosten; han verka på tenkje-evna og: dei
vart kvikare desse 4 jødegutane; maten hev mykje å
segja for vetet og, ser du. I Skottland et folk mykje
havre. Engelsmennene tykkjer havre er altfor simpel
kost. Då ein engelsmann vilde terga ein skotte, sa
han: vi gjev havren åt hestane våre vi. Ja difor er dei
engelske hestane so kvike! men vi vil vera kvike sjølve
vi, sa skotten.

Ja det er ille med mykje forkunnmat (eller
skjesse-mat eller lystemat som dei segjer sume stader): borni
og ungdomen øydelegg magen sin, og øydelegg tennene
sine, og vert tunge både i kropp og sjel. Ikkje å snakka
um vin og annan sterk drykk som øydelegg både vet
og samvet. Mange som sit i sinnssjukehus kan skulda
rusdrykken for det. Og endå fleir som sit i fangehus
for ugjerning dei hev gjort i fylli. Dei 4 jødegutane er
eit strålande fyredøme for ungdom. Det var
speidar-gutar det! som vilde gjeva folket sitt æra! som vilde
ly da lovene! og nytta ungdomsåri til alt som godt er!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free