- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
119

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

119

underlegt Guds styre: dei fekk høyra av Daniel um
Messias som Israel venta; det gjetordet gjekk frå ætt
til ætt, til dess vismennene frå Austerland fleire hundrad
år etterpå — kom til krubba i Betlehem og tilbad
Frelsaren. Soleis spinn seg livstrådene underleg i hop,

etter Guds kjærlege tankar med alle menneske.

*



So er det fortalt i Daniels-boki um kor trufaste
desse 4 speidargutane var mot Israels Gud. Dei vilde
ikkje beda til andre gudar. Og so fekk dei straff. Daniel
vart kasta i ei løvegrop. Men Gud sende engelen sin,
som let att løvemunnane: dei gjorde han ingen skade.
Dei 3 andre jødegutane vart kasta i ein gloande eld-omn;
men kongen såg det gjekk ein fjerde med dei, han såg
ut som ein gudeson, sa kongen; og elden gjorde ingen
skade på dei.

*



Daniels-boki er skrivi i ei forfylgjingstid som vi
kallar makkabeartidi, då mange israelitar leid
martyr-dauden for sin truskap mot Gud. Daniels-boki var til
stor trøyst for dei trugne israelitane: det var ein veldig
kveik for dei å tenkja på Daniel og venene hans, kor
dei heldt ut og våga livet, og kor Gud hjelpte dei med
under på under. Det var noko for martyrane å gleda
seg yver, det som stend sist i 6. kapitlet i Daniels-boki:
Daniels Gud er den levande Gud som skal vera i all
æva; han frelser og friår ut; han gjer teikn og under i

himmelen og på jordi, han som frelste Daniel or løvevald.

*



Endå tvo forvitnelege segner fortel Daniels-boki:
Daniel tydde ein ny draum for Nebukadnesar, og ei
innskrift på veggen for kong Belsasar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free