Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
128
mol eller makk kan eta upp; du skynar det når du ser
mor smiler til deg; du kjenner det når du veit mor er
heime, eller ho kjem snart heim.
Sovore kan vi ikkje kjøpa for pengar. Garborg
segjer ein stad: ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug;
mjuke senger, men ikkje svevn; dropar, men ikkje
helsa; lærdom, men ikkje vet; stas, men ikkje venleik;
glans, men ikkje hygge; moro, men ikkje gleda! skalet
av alle ting kan ein få for pengar, men ikkje kjernen:
den er ikkje for pengar fal. Nei lukka i livet er ikkje
å få for pengar. Tvert um: det vi ilckje kan få for pengar,
det er det som gjer livet rikt: venskap, kjærleik,
truskap, godt humør, helsa, ja frisk luft og godt
drikkevatn; ein kan ikkje kjøpa noko av det. Det er vondt å
tenkja på mange ulukkelege rikfolk som med alle sine
pengar lever eit tomt liv, medan mange fatigfolk takkar
Gud og gleder seg yver kvar ny dag.
Det er den falske trui på alt dette ytre Preikaren
vil ta ifrå oss; han vil læra oss å ikkje byggja livet
på sovore.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>