- Project Runeberg -  Barn och Ungdom. Nordisk Social-Pedagogisk Tidskrift / Årgång 1924 /
113

Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TVANGSSKULEN I NORGE 113

rike til aa vera serskuleelevar. Men daa ein vanleg har berre
10—15 i klassa, so kan ein arbeida meir med den einskilde som
treng mest hjelp. Det som me har mest bry med er aa læra dei
orden. Heile deira maate aa vera paa er ofte til aa byrja med so
slapp og slurven. Halvt burtvendt, med uedslegne augo, Ilenderne
har det travelt med ein knapp i trøya, eine foten uroleg — slik
staar månge med det same dei kjeni hertil, naar ein snakkar med
dei. Bøker, skulearbeid og praktisk arbeid slurva dei med. Dette
er ting som maa burt. Solenge dei ikkje har lært orden og aa fora
kroppen sin nokohmde fint, so vert det smaatt med sknlearbeidet
og. Kroppsleg sett kan me snart merkja stor framgang. Dei legg
paa seg — vert runde og gode, livlege i leik og ser i alle maatar
ut til aa trivast godt. Dei lever eit regelmessig liv med kraftig
kost og er mykje i frisk luft. Kveld og morgon maa dei vaska seg.
Um vinteren faar dei styrtbad og lim sumaren sjølaug — stundom
eit par gonger um dagen.

Förutan vanleg skulearbeid lyt elevarne vera med aa skura
golv, vaska klær, lappa sko, stoppa sokkarne sine og gjera ymse
utearbeid; serleg i sumarhalvaaret har dei hagearbeid. Til eigen
hyggje har dei fotbali, hagar og hyttor, er speidarar, liar telt, faar
aaleine liggja ute paa sjøen og ro og fiska.

Her er ingen politiuppdragelse med vakt og vaktskifte som
visst sume trur. Me søkjer aa ha det so naturleg og heimleg som
mogeleg. Eg segjer til elevarne, at kan dei ikkje av og til greida
aa stella seg fint um dei er aaleine, medan dei er her, korleis skal
det daa gaa dei, naar dei kjem paa gata i byen? Ein har vanleg
ein stokk av gode elevar som er til god hjelp i arbeidet. Dei
snakkar nye elevar tilrettes og melder av um det skulde vera noko
naar ein ikkje er paa plassen. Elevarne veks paa det aa halda litt
sjølvdisciplin. Rett som det er faar nokoii av elevarne vera med
til byen, um dei har fine karakterar, — og fleire gonger har eg
sendt 8—10 elevar til byen — ei halv mil sjøveg — aaleine for aa
syna dei tillit. Eg brukar eit sjølvlaga karaktersystem. Eg delar
ut til lærar og tenestegjentor kvar si liti notisbok. I denne boki
skriv dei upp namnet paa alle elevarne. Er der noko aa merkja
ved fliden til ein elev, so skriv dei eit 1-tal bak namnet hans,
med orden eit 2-tal, med uppførselen eit 3-tal. Er det serleg grovt,
kan ein faa fleire tal med ein gong. Kvar laurdag e.m. samlar eg
alle notisbøkene inn og skriv karakterar i eleven si karakterbok
for flid, orden og uppførsel etter som månge merkjetal dei har.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:30:45 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnungdom/1924/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free