- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
5

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Innleiing

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1. Innleiing.

Fyrste gongen ei mor legg barnet sitt til brystet
eller faren tek det på armen, det er truleg ei av dei
største stunder i eit menneskeliv. Det er mange ting
foreldra kann eiga. Men ingen eigedom kjem upp mot:
barnet mitty barnet vårt. — Det er og mange ting for*
eldra kann kjenna at dei har ansvar for. Men aldri
kjenner anten far eller mor at eit stort ansvar er ein skatt,
ja ein personleg rikdom, soleis som her der det gjeld deira
eige barn.

Og det er ikkje berre fyrste gongen ein tek sitt eige
barn inn til seg, at ein kjenner seg so usegjeleg rik og har
ei slik høgtidsstund. Det hender so ofte seinare og når
ein har barnet for seg, ser på det, steller med det — eller
kanskje og sit langt burte frå barnet og berre tenkjer på
det. I slike stunder er det ikkje råd anna: ein kjenner
eit varmt ynske, og det formar seg til ei ærleg bøn um at
barnet må verta eit gildt og godt menneske, og at det
må gå det godt i livet. Jamvel foreldre som ikkje er
religiøse i vanleg meining av ordet, veit av eiga røynsle at
det stundom er mest like rådlaust å lata vera å beda for
barnet som å lata vera å anda. Og dei som har upplevt
slike stunder, dei vil då visseleg og kunna sanna dei kjende
orda Bjørnson hev skrive: »Ei sjelen lyser, ei hjertet dugger
som når ditt barn under bøn du vugger«.

Samvitsfulle foreldre må kjenna seg drivne til å taka
uppsedingsarbeidet ålvorleg. Noko anna er ikkje tenkjeleg.
Knapt nokor gjerning skulde dei reint naturgjeve kunna
ofra meir på.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free