- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
7

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1. Innleiing

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7

den gode barneleiaren, den store pedagogen, har ei sers
evne som det ikkje er alle gjeve å eiga. Men det er og sant
at kunnskapar er ei god hjelp for den som vil nytta dei
rett. Og gjer ein då so godt ein kann, som kjem ein langt,
endå um naturgivnaden ikkje skulde vera so stor for det
fyrste. Det er i alle fall visst, at eit menneske har mykje
betre vilkår for å stella vitugt med born når det er kunn*
skapsrikt enn um det var fåkunnigt.

Ein skal elles ikkje undra seg over at folk flest har
lite sans for psykologiske og pedagogiske kunnskapar, når
ein ser kor lite skulane har gjort for å rettleia folk i det
stykket. Alle finn det rimeleg at skulane våre skal vera
»for livet«. Det vil segja: dei skal setja elevane i stand
til å løysa sine uppgåver i livet. — No vert dei fleste
elevane foreldre, eller dei får foreldrearbeid å gjera på
so mange måtar. Men det ser ikkje ut til at det skulde
høyra med til livsuppgåvene det å stella med born. Dei
vanlege skular for vaksne har for det meste ikkje gjort
noko for å få folk til å bry seg um psykologiske og
pedagogiske spursmål. Ja jamvel dei skular som skulde
ha til seruppgåve å utdana gode uppsedarar — lærarsku*
lane våre — har gjort ovleg lite. Mange emne har desse
skulane gjeve upplæring i. Og dei som har gått ut frå
lærarskulane, har visst mykje um mange ting. Men eg trur
ikkje eg tek formykje til um eg segjer, at barnet er noko
av det dei har havt minst kjennskap til når dei skulde
taka til å vera lærarar. Dessverre er lærarskulane våre og
arbeidet der endå skipa soleis, at denne domen vert altfor
sann den dag idag.

Det er ikkje ofte å treffa nokon som har gjort seg
noko serleg kjend med korleis det er med både den
kroppslege og den åndelege vokster hjå barnet og ung*
domen. At dette har vore, og er, til uboteleg stor skade
for upplærings* og uppsedingsarbeidet både i heim og
skule, det er tvillaust.

Det er med tanke på å gjeva litegrand rettleiing um
korleis det er med mennesket i dei år det veks upp frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free