- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
9

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Korleis lærer me barnet å kjenna?

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

2. Korleis lærer me barnet å kjenna?

Me vaksne me har alle vore born ein gong. Me kunde
soleis vera ferdige å segja at eitt barn det kjenner i alle
fall kvar og ein av eiga uppleving. — No kunde det og
vera grunn til å tru at born er i mange måtar noko like.
Og me kunde difor meina at mykje av det som sermerkjer
barnet, det kjenner kvart menneske frå sitt eige barndoms*
liv. — Det er noko sant i dette. Men det er og sant at
mangt og mykje vilde stå ovleg ugreitt for oss, ja mange
ting vilde me vera heilt framande for, um me ikkje skulde
ha anna å byggja på enn det me veit frå den tid me sjølv
var born.

Frå den fyrste tid minnest me ikkje det minste. Mange
menneske hugsar ingen ting frå dei fyrste 2—3 åra. Og
ingen hugsar noko mykje som er nemnande då. Men og
frå den seinare barnealder har me ofte lite pålitelege fyre*
stellingar um korleis det gjekk til og korleis det var med
oss i dei ymse tilfelle. For hugset vårt er — det skal me
seinare tala meir um — ofte lite truverdigt.

Men likevel: me foreldre og lærarar bør gjera ålvor
av å »mana framatt« barndomsdagane og barneminna
våre so godt som me kann. Det vilde ofte vera til ovstor
hjelp og rettleiing for oss i arbeidet vårt, um me kunde
minnast korleis det var med oss den gongen og den gongen.
Um me kunde minnast klårt og greitt korleis me sjølv
kjende det når dei vaksne synte oss samhug eller like*
sæle, kjærleik eller kulde og uvilje, me skulde ofte bera
oss annarleis åt enn me no gjer. Det er eg viss um. —
Når eg sit og ser på korleis eit barn strevar med arbeidet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free