- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
11

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Korleis lærer me barnet å kjenna?

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

11

for ålvor vil verta ein god barneleiar, han må leggja merke
til barnet i leik og i arbeid, i sorg og i giede, når det er
i godlag og lydugt, og når det er i ulag og trossugt, når
det er byrgt og kjenner seg sjølvhjelpe, og når det står
armt og hjelpelaust. Ikkje noko i barnet sitt liv er for
stort, og ikkje noko er for smått i so måte. Og nettupp på
den vegen er det ein vinn noko av den kunnskap som
ingen god uppsedar kann vera forutan.

Men um me la oss aldri so mykje etter å læra av dei
røynsler som livet gjev oss høve til å gjera når me lever
saman med born, so vilde det lel verta store hol i kunn*
skapen vår. Mangt og mykje av det som me hadde bruk
for å vita um barnet, vilde me kanskje ikkje få auga på, i
alle fall ikkje fyrr det kunde vera for seint. Det er her
vitskapen i vår tid kjem oss til hjelp. Den vitskaplege
granskar ventar ikkje til livet so å segja kjem og byd fram
det hende eller tilfelle som han kann draga lærdom av.
Han leitar det upp sjølv. Soleis arbeider ein i den vit*
skaplege pedagogikken og.

Det var kring 1850*åra at det vart teke til med vit*
skaplege etterrøknader som hadde til formål å læra oss
å kjenna det menneskelege sjeleliv. Men endå var det
berre dei vaksne det vart gjort eksperiment med. Soleis
var det til 1890=åra. Men frå den tid har det vorte gjort
ei mengd vitskaplege granskingar som har til formål å
læra oss barnet å kjenna både til kropp og sjel. I dei
fleste større kulturland, men serleg i Sambandsstatane i
Amerika og i Tyskland og Frankrike, har det vorte til ein
stor litteratur um denne nye vitskapen — pedologien, som
han vert kalla.

Mange har venta seg ovleg stor hjelp for pedagogikken
av den eksperimentelle barnegransking. Sume har venta
seg, ser det ut til, at størsteparten av alle pedagogiske
vanskar og gåter skulde verta løyste av denne vitskapen.
— At dei har vona og venta formykje, torer vera visst.
I den seinare tid har det kome til orde ein sterk kritikk
over mykje av det den eksperimentelle barnepsykologi og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free