- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
13

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 3. Barnet veks

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13

årsak og verknad. I tankane byrjar det velja millom dei
formål og dei utvegar som det har nokon fyrestelling um
i dei ymse tilfelle. — Til denne verksemd vert det og
meir og meir skikka. Vokster vil her og segja ei aukande
arbeidsevne, ein aukande arbeidsdugleik.

Dei fleste arbeid er ovleg mangslungne. Dei krev kanskje
at fleire kroppsorgan, fleire kroppsreidskapar vert tekne i
bruk. Og dei krev ei mangesidug sjeleleg verksemd. Skal
arbeidet lukkast godt, so må ymse kroppslege organ, og
kropp og sjel kunna samverka lett og snart. — At menne*
sket veks vil då segja ikkje berre det at dei einskilde
organ og evner kvar for seg vert meir og meir utvikla, men
og at samarbeidet vert større og samverknaden rikare. Den
kroppslege og åndelege kraft som mennesket eig og råder
over, vert ikkje berre større, men og betre utnytta i tenesta
for visse formål.

Granskar me no den menneskelege vokster, so vil me
finna, at det er ikkje all slag vokster hjå eit barn som tek
like tidleg til eller varer like lenge. Og voksteren går
heller ikkje like snart til alle tider. Han er og noko ulik
hjå dei ymse menneske. Det er ei mengd å leggja merke
til for den som vil gjera seg vel kjend med korleis den
menneskelege vokster går for seg. Og um det emnet er
det skrive eg hadde nær sagt ei uteljeleg mengd både små
og store skrifter. — Den lækjarvitskapelege litteratur gjev
sjølvsagt mange upplysningar, som og ein pedagog kann
ha mykje bruk for. Men me har og skrifter som tek emnet
i det heile, eller berre ymse sider, fyrst og fremst frå peda*
gogisk synsstad.

Me skal no gå over til å tala noko um voksteren frå
barn til vaksen. Og då skal me fyrst sjå litegrand på den
kroppslege vokster. Det vert sjølvsagt berre i store drag
me kann tala um det emnet. her.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free